Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
Nyttig for laga

Ti lokallag fekk støtte til branntryggleik

Det vart ein hyggeleg start på desember for ti lokallag i Sogn og Fjordane. På røykvarslardagen 1. desember delte Huset i Bygda, samarbeid med Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane, ut til saman 200 000 kroner til branntryggingstiltak i ungdomshus rundt om i fylket.

Den nye temaordninga for brannsikring, som vart etablert hausten 2025, skal styrkje tryggleiken i lagseigde bygg.

Lokallaga har søkt om midlar til tiltak som brannvarslingsanlegg, seriekopla røykvarslarar, sløkkeutstyr, skilting av rømningsvegar, rømningsplanar og nødvendig oppgradering av dører og trapper.

Biletet viser ei dør med en gamal lås, og ei kvinne som står i i ei døropning.
T.h. Siri Nesbakk frå Nesbygda Grendalag er veldig glad for å få midlar til branntryggleik i Nesjarhall. Den eine ytterdøra har per no ein lås som er vanskeleg og få opp ved evakuering (biletet til venstre). Til høgre ser du der det skal kome ein ny dør som er enkel å opne frå innsida. I tillegg kjem trapp og rekkverk slik at det er råd å evakuere raskest mogleg. Foto: Nesbygda Grendalag

Målet er at støtta skal utløyse konkrete og gjennomførlege tiltak for betre branntryggleik i ungdomshusa.

Bilete viser eit hus med stillas foran
Takle-Hjartholm Grendalag fekk midlar til å branntrygge huset sitt. Foto: Takle-Hjartholm Grendalag

Fleire aktueltsaker

Sjå alle

2 millionar ekstra

Noregs Ungdomslag har fått over to millionar kroner i auka løyving til husarbeid i organisasjonen i 2025. - Dette er resultat av godt arbeid over mange år, seier styreleiar Tone Mjelde.

10. desember 2025

Biletet viser Trude Storheim frå Kultur- og likestillingsdepartementet som pratar foran ein skjerm

Nytt liv i gamle bygg – Kulturbygg lanserer Gjenklang

Korleis kan gamle, tomme bygg få nytt liv, og samtidig revitalisere lokalsamfunnet? Dette er spørsmålet Kulturbygg vil svara på med si nye nasjonale satsing Gjenklang, som blei lansert på Sentralen i Oslo tysdag 11. november.

11. november 2025

Ti lokallag fekk støtte til branntryggleik | Huset i Bygda