Løfta Huset i bygda for Stortinget
I høyring med Familie- og kulturkomiteen ba Noregs Ungdomslag Stortinget styrke Huset i bygda og gje organisasjonseigde kulturbygg momskompensasjon på ombygging og nybygg.

Noregs Ungdomslag møtte i dag til høyring om statsbudsjettet med generalsekretær Magni Hjertenes Flyum og kulturrådgjevar Christoffer Knagenhjelm som representantar. Under høyringa i Familie- og kulturkomiteen la dei fram viktige poeng for å sikre framtida til dei mange organisasjonseigde kulturbygga rundt om i landet.
Ungdomslaget løfta fram prosjektet Huset i bygda, som har arbeidd sidan 2010 med rådgjeving og kompetanseheving for organisasjonseigde kulturbygg over heile landet. Organisasjonen ønskjer no at Huset i bygda vert eit nasjonalt ressurssenter for desse kulturhusa, som spelar ei kritisk rolle som møteplassar i lokalsamfunna. Dei ba om at Stortinget auka løyvinga med 3 millionar kroner for å styrke dette arbeidet ytterlegare.
I tillegg vart det kravd momskompensasjon for nybygg, ombygging og påbygg av kulturbygg, og at reglane for momskompensasjonsordninga vert endra slik at kulturbygg får same vilkår som idrettsanlegg. I dag er det systematisk forskjellsbehandling for ombygging, nybygg og påbygg der idrettslag får full kompensasjon, medan ungdomslag som eig kulturbygg får ingenting.
For Noregs Ungdomslag er løyvinga på statsbudsjettet for 2025 auka med 110 000 kroner til totalt 3 070 000 kroner. Regjeringa legg også opp til full momskompensasjon for frivillige lag og organisasjonar i 2025, noko som vil styrke organisasjonens arbeid i tida framover.
I 2023 fekk Noregs Ungdomslag sine lag til saman 7 249 633 kroner i støtte, og i 2024 har dei søkt om 8 151 785 kroner. Svaret på denne søknaden vil kome i desember. Straumstøtta for frivillige lag og organisasjonar vert også vidareført, noko som vil lette dei økonomiske belastningane knytt til auka straumprisar.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Fleirtal for momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg
Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.
26. mars 2026


2 millionar ekstra
Noregs Ungdomslag har fått over to millionar kroner i auka løyving til husarbeid i organisasjonen i 2025. - Dette er resultat av godt arbeid over mange år, seier styreleiar Tone Mjelde.
10. desember 2025


Ti lokallag fekk støtte til branntryggleik
Det vart ein hyggeleg start på desember for ti lokallag i Sogn og Fjordane. På røykvarslardagen 1. desember delte Huset i Bygda, samarbeid med Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane, ut til saman 200 000 kroner til branntryggingstiltak i ungdomshus rundt om i fylket.
1. desember 2025

