Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
Rettleiing

Huset i Bygda: Brannsikring

Her finn du den digitale utgåva av magasinet Huset i Bygda: Brannsikring.

Framsida på magasinet Huset i Bygda Brannsikring

Det står over 5000 organisasjonseigde kulturhus rundt om i landet. Desse er eigd og drivne av frivillige lag og organisasjonar, og mange av dei er bygd mellom 1900 og 1950.

Det følgjer både glede og utfordringar med å ha ansvar for slike hus. Ikkje minst når det gjeldt brannsikring. I magasinet huset i Bygda Brannsikring har vi samla tips og råd slik at de skal føle dykk tryggare som huseigarar.

Her finn du den digitale utgåva av huset i Bygda: Brannsikring.

Fleire rettleiingar

Rettleiing

Husdrift

Reinhald

Det er ulike måtar å handtere reinhald på. Det er viktig for alle partar at det kjem klart fram korleis dette blir gjort i dykkar hus. Det vil spare mange for mykje irritasjon som lett oppstår om ein finn skitne golv og lokale når ein skal til på eit nytt arrangement. Det er også viktig for dei som jobbar frivillig i styret eller på andre måtar yter ein innsats for huset at denne jobben ikkje vert meir arbeidskrevjande enn nødvendig. Det viktigaste er rett og slett å ha ein plan!

Rettleiing

Husdrift

Idébank

Kva kan vi gjere for å auke inntekta til huset? Her er nokre idéar som vi har fått av huseigarar rundt i landet.

Rettleiing

Økonomi

Tilskotsordningar

Det er ei rekke tilskotsordningar som ein kan søkje midlar frå.