Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
Rettleiing

Reinhald

Det er ulike måtar å handtere reinhald på. Det er viktig for alle partar at det kjem klart fram korleis dette blir gjort i dykkar hus. Det vil spare mange for mykje irritasjon som lett oppstår om ein finn skitne golv og lokale når ein skal til på eit nytt arrangement. Det er også viktig for dei som jobbar frivillig i styret eller på andre måtar yter ein innsats for huset at denne jobben ikkje vert meir arbeidskrevjande enn nødvendig. Det viktigaste er rett og slett å ha ein plan!

Vi har her lista opp dei vanlegaste måtane å handtere dette på og kva som er viktig å tenke på med dei ulike alternativa. Det kan vere de finn heilt andre løysningar som fungerer betre. Men her får du tipsa våre:

ALTERNATIV FOR ANSVARSDELING:

  1. Leigetakar har ansvaret for gjere lokalet reint etter bruk.
  2. Leigetakar tar opprydding og enkel reingjering. Huseigar tar hovudreingjering.
  3. Huseigar har ansvar for reinhald etter utleige.

I alle desse tre alternativa er det viktig å ha nokre retningslinjer.

1. Leigetakar har ansvaret for å gjere lokalet reint etter bruk.

Det er viktig at det kjem klart fram i utleigeavtala kva som blir forventa av leigetakar. Det kan godt stå detaljert oppramsing av kva som skal vaskast. Det er også viktig å skrive noko om handtering av søppel, om dette skal plasserast i/ved huset eller om leigetakar skal ta dette med seg frå huset.

Brukar ein dette alternativet rår vi til athuseigar ser over dette i etterkant. Det bør settast opp krav omekstrabetaling ved dårleg reingjering. Dette bør leigetakar vere klar over ved leige og det kan godt stå som eit punkt i avtalen.

2. Leigetakar tar opprydding og enkel reingjering. Huseigar tar hovudreingjering.

Det må også ved dette alternativet kome klart fram i utleigeavtalen kva som blir forventa av opprydding og vasking ved utleige. Lag eit punktvis og enkelt oppsett for å få best resultat. Det er ulike måtar for huseigarar å ta ansvaret sjølv for reinhald. Sjå lenger nede for meir informasjon om dette.

3. Huseigar har ansvar for reinhald etter utleige.

Når det er huseigarane sjølv som har ansvaret er det ulike måtar å gjere dette på:

- Styret/huseigar:

Det er ikkje uvanleg at styret eller medlemmer av laget tek seg av reingjering. De kan likevel ta betalt frå leigetakar til å ta reinhaldet etter eit arrangement. Det som er viktig å tenke på er ein rullering på dette slik at ingen vert aleine om ansvaret over lengre tid og at det vert ein klar rollefordeling på kven som har ansvar i kva periode. Om ikkje går folk fort lei og ynskjer ikkje å ta på seg ansvaret igjen. Det kan her vere ein moglegheit for huset å tene nokre ekstra kroner om de vert einig i å ta denne jobben på dugnad

- Leigetarkar tek opprydding og førse vask. Huseigar tek hovedreingjering

Det må også ved dette alternativet kome klart fram i utleigeavtale kva som forventast av opprydding og vasking ved utleige. Det bør stå punktvis og enkelt oppsett for å få best resultat. Det er ulike måtar for huseigarar å ta ansvaret sjølv for reinhald. Sjå lenger nede i dokumentet for meir informasjon om dette

- Leige reinhaldspersonale:

Det kan vere lokale personar som får betalt for å vaske etter behov eller at ein leiger inn reingjeringsfirma. Det naturlege er å ta betalt frå leigetakar til å betale den som gjer jobben. Dette kan enten ligge inne i utleigeprisen eller vere eit tillegg. For nokon fungerer det å ha valfritt for leigetakar om dei ynskjer å vaske sjølv til ein rimelegare pris på leiga eller om dei ynskjer å betale litt ekstra for å få det gjort.

Forslag til innhald om reinhald i ein utleigeavtale:

Vask kr. xxxSjå reglement

Vaske sjølv **Sjå reglement

Fleire rettleiingar

Renovering av eit ungdomshus
Rettleiing

Økonomi

Korleis søke tilskot?

Kva bør du tenke på når du skal søke om tilskot til aktivitetar eller prosjekt i laget ditt?

Dugnad, planlegging, fellesskap
Rettleiing

Husdrift

Verdisetting av dugnad og gåver.

Verdisetting av dugnad og gåver. I ein søknad om tilskot er det viktig å verdsette dugnad som vert utført og å synleggjere sponsing og gåver.

T
Rettleiing

Momskompensasjon

Har laget driftskostnadar? Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.