Momskompensasjon
Har laget driftskostnadar?
Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Det er viktig at laga får refundert så mykje som mogleg. Styret i Noregs Ungdomslag har difor gjort vedtak om at vi frå og med 2023 går over frå forenkla modell til dokumentert modell. I forenkla modell fekk laga kompensert 8% prosent av dei samla utgiftene ein hadde. I dokumentert modell får laget kompensert alle momsutgiftene.
Det tek litt tid å fylle ut søknaden og vi er klare over at det blir ein del meirarbeid i søknadsprosessen, men dei fleste av våre lag vil få utbetalt ein høgare sum etter denne modellen. Søknaden for 2023 var det fyrste året Noregs Ungdomslag hadde søknad med dokumentert modell. Skifte resulterte då i over 7 millionar i momskompensasjon til våre lokallag, kontra nesten 4 millionar med forenkla modell.
Laget vil få tilbakemelding om at søknaden er godkjend når vi har gått igjennom den. Dersom vi oppdagar manglar eller feil tek vi kontakt for å rette opp i dette.
Korleis søke?
Last ned transaksjonslista her.
Søknadsfrist 1. juli.
Send transaksjonsliste og vedlegg til moms@ungdomslag.no med namn på lokallaget i emnefeltet. Søknadar som blir sendt til andre plassar vil ikkje bli handsama.
Noregs Ungdomslag vil etter dette kontrollere søknaden og sende felles søknad til Lotteri- og Stiftelsestilsynet. Utbetaling vert i siste halvdel av desember, etter at vi har fått svar frå Lotteri- og Stiftelsestilsynet.
Om ikkje anne er presisert vil tilsegn bli sendt til same e-post som vi får søknaden sendt frå.
For å kunne søke om momskompensasjon må laget sørge for at nokre formalitetar er i orden:
- Årsrapport med årsmelding for 2025 skal vere levert til Noregs Ungdomslag gjennom medlemssystemet Hypersys. Les om årsrapportering her.
- Kontingent må vere betalt innan utbetalinga i desember
- Laget må vere registert i Frivillighetsregisteret
- Laget må ha valt revisor
- Laget må ha lasta opp vedtektene sine i Hypersys. Merk at dette er nytt av året, grunna endringar i forskrifta frå Lotteri- og Stiftelsestilsynet si side.
Usikker på korleis de gjer dette? Les her.
Kva skal med i søknaden?
Vedlegg som må med for alle som søker:
- Transaksjonsliste som viser faktiske meirverdiavgiftskostnadar for 2025
- Protokoll frå årsmøte gjennomført i 2026
- Godkjent rekneskap for 2025
- Signert revisjonsbertning
Om transaksjonslista
Søknaden om momskompensasjon tek utgangspunkt i faktiske meirverdikostnadar (MVA) organisasjonan har hatt i 2025. Transaksjonslista skal innehalde ei oppstilling over alle rekneskapsbilagmed MVA for sist år og spesifisert meirverdiavgiftene.
Det er ein del kostnadar som organisasjonane ikkje får kompensert (til dømes nybygg), og dei skal ikke vere med i oppstillinga. Søknadsbeløpet er dei samla meirverdikostnadane etter avgrensingane er gjort. Desse vert oppsumert i den fyrste arkfana i transaksjonlista.
Det er ei arkfane for transaksjonar med kvar av dei tre momsprosentane, 25%, 15% og 12%. Sorter kostnadane inn i riktig arkfane. På billaget i rekneskapen finn ein både brutto sum og kor mykje moms som er betalt. Før dette inn på rett fane med billagsnummer og kva det gjeld. Totalsummen for kvar momsgruppe blir automatisk summert og ført inn i arkfana som heiter «Oppsummering».
Det er viktig at alle kvite felt i transaksjonlista blir fylt ut.
Kva skal ikkje med?
Momskompensasjonsordninga gjeld frivillig arbeid og har nokre avgrensingar.
Laga i Noregs Ungdomslag driv frivillig arbeid og det er hovudsakleg kostnadar til nybygg, påbygg eller ombygging av bygg, anlegg eller anna fast eigedom som ikkje skal med.
De kan lese meir om avgrensingane på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.
Avkorting for dei laga som driv med utleige
Dei laga som driv med kommersiell utleige til aktivitet utanfor eige lag (til dømes bryllaup) må gjere avkorting i driftskostnadane. For dei transaksjonane som gjeld drift av huset har ein ikkje rett til kompensasjon for dei dagane huset er leigd ut. Dette er til dømes straum, vedlikahald, vasking med meir.
For å gjere det lettare å gjere eit overslag på kor mykje av driftskostnadane som skal avkortast har vi laga ei ekstra fane i transaksjonslista. Fyll inn kor stor del av huset som vert leigd ut, og tal dagar med utleige. Då får de ein avkortingsprosent som kan brukast i transaksjonslista.
Sett inn %-verdien for avkorting i kolonna for «%-vis andel utan rett til kompensasjo» for kvart billag.
Hugs å fyll inn deltjane om laget i oppsummeringsfana. Alle kvite felt i dette vedlegget skal bli fylt ut.
Andre vedlegg
I tillegg til transaksjonslista må laget sende inn protokoll frå årsmøtet, godkjent rekneskap og signert revisjonsberetning. Dersom valt revisor har signert på rekneskapen er det godt nok. Det er viktig at det valte revisoren er ein person som ikkje sitt i styret eller har ført rekneskapen. I tillegg må laget ha lasta opp vedtektene sine i Hypersys.
Søknaden med vedlegga sender de til moms@ungdomslag.no med namn på laget i emnefeltet. Søknadar som blir sendt til andre plassar vil ikkje bli handsama.
Søknadsfrist 1. juli.
Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine sider.
Nettmøte
Vi har sett opp tre nettmøte med informasjon og rettleiing for deg som skal søke momskompensasjon:
- Måndag 1. juni kl. 18:00
- Måndag 15. juni kl. 20:00
- Tysdag 16. juni kl. 12:00
Nettmøte krev påmelding. Les meir og meld deg på her.
1:1-hjelp
Det er i år mogleg å booke tid med ein NU-tilsett for å få hjelp med det du treng for momskompensasjonssøkinga. Hjelpa vil då skje på Teams. Det er primært mogleg å booke tid mellom 10:00-14:00 måndag til fredag. Er ikkje dei tidspunkta mogleg så er det berre å ta kontakt med oss, så finn vi tid utafor kontortid og.
I tillegg til dette er vi og tilgjengeleg på e-post og telefon.
Spørsmål og svar
Fleire rettleiingar

Husdrift
Huset i Bygda: Brannsikring
Her finn du den digitale utgåva av magasinet Huset i Bygda: Brannsikring.

Husdrift
Reinhald
Det er ulike måtar å handtere reinhald på. Det er viktig for alle partar at det kjem klart fram korleis dette blir gjort i dykkar hus. Det vil spare mange for mykje irritasjon som lett oppstår om ein finn skitne golv og lokale når ein skal til på eit nytt arrangement. Det er også viktig for dei som jobbar frivillig i styret eller på andre måtar yter ein innsats for huset at denne jobben ikkje vert meir arbeidskrevjande enn nødvendig. Det viktigaste er rett og slett å ha ein plan!

Husdrift
Idébank
Kva kan vi gjere for å auke inntekta til huset? Her er nokre idéar som vi har fått av huseigarar rundt i landet.
