ARENA - tilskuddsordning for bygg og infrastruktur
Ordninga skal medverke til at det profesjonelle prosjektbaserte kunst- og kulturfeltet i heile landet innan biletkunst, scenekunst, musikk, litteratur, tverrkunstneriske uttrykk og det frie kulturvernet har tilrettelagt, berekraftig og hensiktsmessig infrastruktur for produksjon, formidling og faglag utvikling.

Ordninga stiller ikkje særlege krav til kven som kan søke, men prosjektet det vert søkt om tilskot til skal komme kunst- og kulturfelta og ålment publikum til gode. Søkarar kan ha ulike organisasjonsformer, men det kan ikkje takast ut utbytte av midlar som er mottatt i tilskot frå Kulturrådet. Ordninga gjeld for heile landet.

Fleire tilskotsordningar

- Ungdomshus
- 50 000 – 1 000 000
Kulturminnefondet
Alle bygningar som har ein kulturhistorisk verdi kan søke om tilskot frå Kulturminnefondet.

- Ungdomshus
- 15. april 2023
- 10.000 – 300.000
Huset i Bygda Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda samarbeidar om søknadsordning til ubetring av bygningsmessige tiltak for organisasjonseigde lagshus.

- Ungdomshus
- 30. mars 2023
- 50 000 – 1 500 000
Tilskot til kulturbygg
Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Det er ulike lokale søknadsfristar i kommunane, men ofte er fristen i slutten av mars månad.
