Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
Tilskotsordning

Kulturminnefondet

Alle bygningar som har ein kulturhistorisk verdi kan søke om tilskot frå Kulturminnefondet.

Kulturminnefondet gjev støtte til antikvarisk istandsetjing av bygg. Dei gjev ikkje støtte til oppgraderings- og moderniseringstiltak eller tilbygg

Døme på støtteverdige tiltak er omlegging av skifertak og restaurering av vindauge. Søkar kan få inntil 30% av samla kostnad. Søknadar under 200 000 vert handsama adminstrativt (fortøpande). Søknadar over 200 000 vert styrehandsama. Her er det lenger handsaming av søknadar.

Det er strenge krav til antikvarisk utføring på tiltaka.

Kulturminnefondet har elektronisk søknadsskjema og det lønner seg å gjere eit godt forarbeid med dokumentasjon av historisk bruk av huset, bruk av huset og eventuelle framtidige planar for bruk av huset. Historiske bilete av hus og lagsaktivitetar og noverande tilstand er viktig.

Kulturminnefondet gjev ikkje støtte til igangsette prosjekt

På Kulturminnefondet sine heimesider står det godt forklart kven som kan søke om tilskot og til kva tiltak.

Fleire tilskotsordningar

  • Ungdomshus
  • 5. desember 2023
  • 50 000 – 1 000 000

ARENA - tilskuddsordning for bygg og infrastruktur

Ordninga skal medverke til at det profesjonelle prosjektbaserte kunst- og kulturfeltet i heile landet innan biletkunst, scenekunst, musikk, litteratur, tverrkunstneriske uttrykk og det frie kulturvernet har tilrettelagt, berekraftig og hensiktsmessig infrastruktur for produksjon, formidling og faglag utvikling.

Logo Huset i Bygda
  • Ungdomshus
  • 15. april 2023
  • 10.000 – 300.000

Huset i Bygda Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda samarbeidar om søknadsordning til ubetring av bygningsmessige tiltak for organisasjonseigde lagshus.

Trudvang Ungdomshus under oppussing
  • Ungdomshus
  • 30. mars 2023
  • 50 000 – 1 500 000

Tilskot til kulturbygg

Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Det er ulike lokale søknadsfristar i kommunane, men ofte er fristen i slutten av mars månad.