Tilskot til kulturbygg
Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Det er ulike lokale søknadsfristar i kommunane, men ofte er fristen i slutten av mars månad.

De må søke via Anleggsregisteret og det er din kommune som er ansvarleg for å sende søknaden vidare til fylkeskommunen.
Det kan vere ulike prioriteringar mellom fylka. Det kan difor vere lurt å ta kontakt med sakshandsamar i kommunen før de startar søknadsprosessen. Eventuelt kan de ta kontakt med Noregs Ungdomslag for hjelp og rettleiing.
Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.
I 2023 er det satt av ca. 84,6 mill. kronar til ordninga, som vert vert fordelt til fylkeskommunane på bakgrunn av m.a. tal søknadar i kvart fylke.
Dersom det er fleire søknadar frå same kommune, er kommunen ansvarleg for å sende inn prioritert liste over søknadane.
Søkar kan få dekt inntil 30% av kostnad. Eit lokalt kulturbygg kan maksimalt innanfor ein 20-årsperiode få tildelt 1,5 mill. kr.
Søknadsfrist
Kommunane set eigne søknadsfristar. Kommunane må overføre søknader frå kommunen sin til fylkeskommunen innan 30. april kvart år.

Fleire tilskotsordningar

- Ungdomshus
- 5. desember 2023
- 50 000 – 1 000 000
ARENA - tilskuddsordning for bygg og infrastruktur
Ordninga skal medverke til at det profesjonelle prosjektbaserte kunst- og kulturfeltet i heile landet innan biletkunst, scenekunst, musikk, litteratur, tverrkunstneriske uttrykk og det frie kulturvernet har tilrettelagt, berekraftig og hensiktsmessig infrastruktur for produksjon, formidling og faglag utvikling.

- Ungdomshus
- 50 000 – 1 000 000
Kulturminnefondet
Alle bygningar som har ein kulturhistorisk verdi kan søke om tilskot frå Kulturminnefondet.

- Ungdomshus
- 15. april 2023
- 10.000 – 300.000
Huset i Bygda Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda samarbeidar om søknadsordning til ubetring av bygningsmessige tiltak for organisasjonseigde lagshus.
