Ein kulturarena der du bur
Huset i bygda skal skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Noreg.


Populære ressursar

Husdrift
Reinhald
Det er ulike måtar å handtere reinhald på. Det er viktig for alle partar at det kjem klart fram korleis dette blir gjort i dykkar hus. Det vil spare mange for mykje irritasjon som lett oppstår om ein finn skitne golv og lokale når ein skal til på eit nytt arrangement. Det er også viktig for dei som jobbar frivillig i styret eller på andre måtar yter ein innsats for huset at denne jobben ikkje vert meir arbeidskrevjande enn nødvendig. Det viktigaste er rett og slett å ha ein plan!

Momskompensasjon
Har laget driftskostnadar? Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Husdrift
Idébank
Kva kan vi gjere for å auke inntekta til huset? Her er nokre idéar som vi har fått av huseigarar rundt i landet.

Tilskotsordningar for dykk som driver husdrift
Utforsk tilskotsordningar som vil hjelpe dykk med å samle inn pengar til huset dykkar.







